Fagfolket forklarar: Korleis unngår ein å ikkje bruke opp storstipendet?
Professor Trond Døskeland hjå NHH forklarar korleis studentar kan ha god økonomi samstundes som dei nyter studietida: – Dersom ein brukar studielån fornuftig, kan ein investere i seg sjølv og ha pengar til overs.
Studielivet er ein ny måte å leve på for mange. Ein skal bli sjølvstendig, lære alt ein kan om si framtidige yrke, og midt opp i alt ha kontroll på økonomien. SSB viser at 3 av 10 studentar opplevar å ha dårleg økonomi. Kva kan studentar då gjere for å få på plass ein forståelse av deira økonomi?
Professor Trond Døskeland hjå Norges Handelshøyskole har svaret studentane ventar på.
– Eit godt lån å ha
– Kvifor har me studielånet?
Døskeland forklarar at studielånet blir gitt slik at studentar kan studere, og bruke tid og ressursar på utdanning.
Deretter skal dei få seg jobb og betale studielånet tilbake.
– Studielånet er eit godt lån å ha. Dersom ein brukar det fornuftig, så kan studenten invistere i seg sjølv og få pengar igjen når dei kjem ut i den jobben dei ønskjer.
Professoren meiner at det er ei god investering å ta studielån, fordi ein investerer i seg sjølv.
– Som student er det viktig å ha det bra både fysisk, men også psykisk. Du kan ta studielån og bruke ein god del av det med god samvittigheit.
Gjekk på ein smell
– Kva gjer studentar som føler på at dei ikkje har kontroll på økonomien?
– Det er lett å gå på ein smell økonomisk i studietida. Eg gjekk sjøl ein gang på ein smell saman med kompisane mine. Då eg var student kjøpte eg nokon aksjar med stipendet mitt. Det vart greit i starten, men selskapet gjekk konkurs og eg tapte alle pengane.
– Det verste var at eg anbefalte nokon venner å kjøpe desse aksjane, og dei tapte også pengane.
Han meiner difor at det luraste å gjere som studenter å setje opp eit budsjett.
– Dersom semesteret varer i fire-fem månader, kan ein fordele det ein får i stipend med dei faste utgiftane. Om ein har overskot i ein måned, er det lurt å sette det inn på konto. Det kan ein bruke når ein har underskot igjen.
Døskeland understrekar at det ikkje skal vere vanskeleg, ein treng berre struktur i starten.
Økonomi og psykisk helse hengar saman
– Kvifor er det ein pågang av studentar som opplevar at dei har dårleg økonomi?
– Det kan vere fleire grunnar. Ein grunn kan vere sosiale medier og press frå andre rundt som gjere at studentar brukar pengar på meir enn dei treng. Studietida er ein livsfase der ein har mindre inntekt. Då kan det vere lurt å akseptere at ein har dårlegare økonomi i denne perioden, men som skal opparbeide seg det i framtida.
– Samfunnet har også vorte dyrare. Husleiga og matprisane går opp, som igjen gjer det vanskeleg. Det som kan vere lurt då for å ta ned stresset, er å få kunnskap og oversikt over eigen økonomi.
Professoren forklarar at økonomi ofte er knytta til identitetet, som kan gjere det vanskeleg å prate om. Men å prate om det gir folk rundt deg, slik som venner og familie, kan gi ein forståing for korleis ein har det.
Han seier likevel at det er få nordmenn som har alvorlege økonomiske problem. Difor trur han at det vil gå fint med studentane i dag.
Økonomi: Ein happy historie?
Ei siste oppfordring frå professor Døskeland er at det kjem til å ordne seg med økonomien for dei aller fleste.
– Så ta ein øl på Kvarteret og kos deg med det, og tenk at no investerer du i din eigen humankapital.
-
Spilte impro på vorspiel – nå er de tilbake på Ole Bull
De spilte gratis på fakultetene og tok betalt i øl for å holde improshow på vorspiel. Nå er Emil Berntsen, Olav Svarstad Haugland og Christian Mikkelsen tilbake i Bergen med «Verdens Beste Show 3».
-
Brystkreft: Mange vet ikke om symptomene
De aller fleste ser rosa sløyfer under oktober, men det er mange som ikke vet hva brystkreft er og hva som er viktig å vite. – Jeg skulle ønske jeg vi fikk mer informasjon, sier lektorstudent Elin Anette Nordli.
-
Når uniforma blir halloweenkostyme: Frå sexy nurse til ekte sjukepleiar
Frå posete arbeidsklede til «sexy nurse» og blodige sjukepleiarar. Sjukepleiarkostymet er framleis ein favoritt til halloween, men kva tenkjer dei framtidige sjukepleiarane om trenden?
-
– Ta med alle du kjenner!
Latteren spreier seg som pest når humormusikalen om svartedauden blir sett opp på Møhlenpris.
-
Har du skummelt lite planer for halloween?
Spooky season står snart for døren, og i den anledning følger tre forslag til hvordan man kan feire halloween i Bergen.