– Ta med alle du kjenner!

Latteren spreier seg som pest når humormusikalen om svartedauden blir sett opp på Møhlenpris.

RATTUS: Tormod Løvold utvidar rekkevidda si med å spele pesta sjølv.
Publisert

«1349: Det kom et skip til Bjørgvin»

Regi: Erik Ulfsby

Komedie, Musikal

24. oktober til 31. desember, DNS

Karakter: A

Året er 1349. Bjørgvin by skal feire bryllaup. «Bridezilla» Gyda og gullhåra Magnus skal til å slå i lag by og bygd med trulovnaden deira.

Men når dei dansande rottene kjem til byen, og Magnus har augene andre stader, knyter det heile seg opp til eit rått, byllete drama der fest blir til pest.

Karakterane grensar til å vere overspelte, og handlinga er enkel å følgje.

BJØRGVIN BY: Alt er vel før skipet frå England legg i havn.

Likevel gjer DNS noko genialt med «1349: Det kom et skip til Bjørgvin». Her finn vi element frå det siste årets høgdepunkt: Bryllaupsmoro frå «Til stjernene fell ned», sjukdomsalvor frå «Doktor Armauer Hansen» og rørande kjærleik og song frå «Så som i himmelen». 

Saman med rotter, humor og leik med historieboka vert resultatet ei musikalsk gåvepakke til Bergen, som alle kan elske.

MOTSETNADAR: «Gyda» (Lykke Kristine Moen) og «Magnus» (Lars Henrik Dybwad) er trulova i 1349.
«OG VI LO»: «Audhild» (Kjersti Elvik) kan minne om Parterapi-karakteren, berre grovare.

Kjersti Elvik og Lars Henrik Dybwad er hysteriske som Audhild og Magnus – ein slags «Mamsen og Lillegutt» frå Sogn.

For å meistre dialekta legg dei til ein ekstra «d», «i» eller «u» i kvart ord (til dømes: «forbadnade» og «mauir»). Saman med rein komediekunst sørger dei for at kvar replikk blir møtt med enorme latterbrøl.

Musikken er variert og løftar handlinga. Vi får ompatakt og vertshusstemning, kjærleikssonger fulle av begjær og Lady Gaga-aktig poprock (eg sikter til Svenskekongen, musikalen si diva). Vokalprestasjonane sitt som skot, spesielt hos «Anna», spela av Monica Dybwad. 

Litt for mange roller prøver seg derimot på imponerande riff i songklimaksa – det vert rett og slett litt antiklimatisk. Men det er lov å vere riven med på premierestemninga når ein leverer ein så knakande god musikal!

Unger i salen syng vidare på musikken i pausen. Ein eldre mann må innrømme at han eigentleg ikkje liker sjangearen, men at første akt vendte han om. «Gu–ko gøy!», høyrer eg frå fleire kantar. 

UTDRIKKINGSLAG: «Eg har aldri drepe ein trell»!

Aldri vert det stillstand på scenen. Vi ser landlege fjell som strekk seg til taket, og likhauger som veks i skyggen av bybildet. Dei karakteristiske svarte byllene let publikum spå kven som lever og døyr, før karakterane sjølve hostar opp svart gugge og fell om.

«SLAY»: «Gyda» er forelska i sitt eiget spegelbilete før bryllaupet.

Sjølv om vi held oss til eit historisk ukorrekt mellomalder-Bjørgvin med farga tights, gapestokk og snabelsko, så nikker nokre av vitsene til vår tid. Dei treff sånn passe. Gjenstandar som vert produsert av «temu-folket i Kina», ryk i stykker umiddelbart. Mat vert levert på døra av tenestejenta «Oda». 

Når Gyda ønskjer å dele spegelbiletet sitt med verda slik at folk kan seie «slay», kjenner eg meg som ein humørlaus gen z-er.

Det er mykje gøyare med mellomalderhumor, som når strilene får prøve gyngestol for første gong, eller ein karakter faktisk heiter «Syltbjørg». 

Men dette er verkeleg småpirk. Dei einaste vitsene som ikkje fekk respons, var dei som forsvant under musikken. 

Å lage ein humormusikal om svartedauden er ein så frisk og gøyal idé at ein på absurd vis blir stolt over denne mørke delen av byens historie. Og gjennomføringa går som eit konfettismell – to og ein halv time har aldri flydd så raskt!

Skal du ha billettar, så må du nok vente til romjula, dessverre. Men dukker det opp ekstraframsyningar, så ta med alle du kjenner, for slik teatermagi må vi oppleve saman!

Powered by Labrador CMS