Treng vi å bekymre oss for mikroplast?
Professor i klinisk ernæring hjå Universitetet i Bergen, Jutta Dierkes, forklarer oss om dagens situasjon rundt mikroplast.
Dei siste åra har forskarar funne mikroplast til stades i fleire delar av menneskjekroppen. Nyleg viste det seg derimot at tidlegare mikroplaststudiar kan ha gitt feilaktige resultat og vist større mengder av mikroplast i organ enn det som er rett.
Er ikkje mikroplast så farleg som vi skal ha det til? Vi har spurt professor i klinisk ernæring hjå Universitetet i Bergen, Jutta Dierkes det aller viktigaste vi treng å vite:
– Når det viser seg at tidlegare mikroplaststudiar kan ha blitt gjort feil, er det moglegheit for at vi ikkje treng å vere like bekymra for mikroplast?
– Vi har store utfordringar med måling av mikroplast, og jo mindre bitane er, desto vanskelegare er det å måle dei nøye. Derfor skal vi ikkje tru fullstendig på rapporteringa av mengda partiklar, men heller ta mikroplastfunn som ein peikepinn – og vere varsam med absolutte tal. Plastproduksjon stig framleis globalt – og dette betyr at plastforureining vil auke i åra som kjem, inkludert mikroplasteksponeringa.
– For kva er eigentleg mikroplast?
– Plastbitar som er mindre enn fem millimeter, men større enn ein mikrometer. Partiklar som er mindre enn ein mikrometer blir karakteriserte som nanoplast. Utfordringa med plast er at det ikkje blir kjemisk brote ned, men berre mekanisk i mindre og mindre bitar.
– Korleis kan mikroplast ende opp i oss menneskje?
– Det skjer gjennom tre hovudvegar: pust, mat og drikke, og huda. Mat og drikke blir rekna som den mest kritiske, fordi då kan tarmen ta opp mikroplast. Andelen mikroplast som blir absorbert av tarmen er nok veldig låg, spesielt når det gjeld større partiklar. Det er plastpartiklane under ti mikrometer som kan trengje gjennom tarmbarrieren.
– Korleis påverkar mikroplast kroppen?
– Eksperimentelle studiar viser at mikroplast kan utløysa betennelse, men effektane er i stor grad avhengig av partikkelstorleiken. Til dømes har det vorte påvist endringar i metabolismen. Studiane viser også at mikroplast finst i organ som placenta (morkake), og kan dermed påverka fosteret.
– Det er vanskeleg å seia kor alvorleg det påverkar oss, sidan vi manglar sensitive metodar nok til å undersøkja det. Det er derimot ikkje realistisk at større bitar hamnar inni kroppen, og vi reknar med at det er dei minste bitane - nanopartiklane - som er mest farleg.
– Er det nokre produkt som bidreg til mikroplastinntaket som dei fleste kanskje ikkje er klar over?
– Plastemballasje kan vere ei kjelde til mikroplast, slik som individuelt innpakka grønsaker som blir kutta medan ho er innpakka i plast. Behaldarar laga av plast som blir brukt fleire gonger til mat, inkludert oppvarming, kan vera ei anna kjelde. Det er særleg når plasten blir skrapa eller kutta, anten ved bruk av skjerefjøl i plast, eller pisking og røring i plastbehaldarar, at det kan gi mykje mikroplast. Eit anna godt døme er teposar, spesielt pyramideteposar som ofte er laga av plast.
– Korleis kan ein redusera plastinntaket sitt mest mogleg?
– Kaste kjøkkenreiskap laga av plast, bruka klede laga av lin, bomull eller ull, køyra minst mogleg bil. Bildekk og vegmåling er store kjelder til plast.
– Kva er den største utfordringa med mikroplast?
Som nemnt, manglar vi målemetodar som er nøyaktige nok. Det er også eit problem at generalisering av ulike funn blir brukt til å skremme folk, fordi det “sel” godt. Ja, vi har ei utfordring med både nano- og mikroplast, men med god avfallshandtering, avgrensing av plastbruk der det er mogleg (som var mogleg for 80 år sidan), og investering til å forbetra forsking og metodane, vil gjere at vi kjem til å forstå utfordringane betre.