På sporet av Studvests fortid
Kva har redaksjonssjefen i NRK Vestland og kommunikasjons- og påverknadssjefen i Plan Noreg til felles? Jo, ei delt fortid som redaktørar i Studvest. Dei kan fortelje om Knausgård, ferske aviser og demokrati-optimisme.

I anledning Studvests 80-års jubileum fortel dei tidlegare redaktørane nokre historier om deira tid, og kva som engasjerte studentane før TikTok og X.
Fekk jobb av ein tidlegare nabo
Anders Sætra byrja som nyheitsjournalist i Studvest i 2012, og vart raskt nyheitsredaktør året etter.
Engasjementet for journalistikk og formidling vart eit resultat av eit tilfeldig jobbtilbod frå ein nabo i Smaalenenes avis, som han i dag er takknemleg for.
– Eg hadde ikkje tenkt at eg skulle bli journalist før det, men det var eit miljø som passa meg veldig godt.
Med ein bachelorgrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen og mastergrad i politisk økonomi frå London School of Economics, glei Sætra sakte, men sikkert over i kommunikasjonsbransjen.

Erfaringa frå Studvest, samt Studentparlamentet, Raftostiftelsen og Bergens Tidende vart nyttig for vegen vidare.
– I dag er eg leiar for kommunikasjon og påverknad i Plan Norge. Og bur på Korsvoll i Oslo, med to barn og kone.
Populistiske partiar og demokrati-optimisme
På spørsmål om kva som engasjerte studentantene i 2013, påpeikar han at det er mykje av det same som i dag.
– Samtidig fekk vi eit større inntog av einsakslister og populistiske listar i Studentparlamentet, som jobba for enkle løysingar som tacotirsdag og mindre bråk frå St.Pauls barneskule utanfor Ulrike Pihls Hus.
Sætra skildrar også studietida i 2013 som eit av dei siste åra med demokrati-optimisme i verda, i motsetnad til den urolege verda vi ser no. I etterkant trur han at studentar er har vorte meir engasjerte, når dei får sjå kva som står på spel.
– Det var ein lang periode da ting vart betre og betre, men i etterkant har det skjedd meir dramatiske ting i verda.
På vegen vidare er det ikkje tvil om kor viktig tida i Bergen har vore for Sætra.
– Eg fekk leiaransvar i ein alder av 22. Eg fekk utfordre meg sjølv og lærte meg å prøve ting eg synast vart skummelt. Det er noko eg har forsøkt å fortsette med heile tida etterpå.
Han er dermed ikkje i tvil om at det er mykje frå hans noverande karriere som kan sporast tilbake til tida i studentavisa.
– Etter det har den ballen berre rulla, kan du sei.
Rekkrutert av Knausgård
Linda Olin Reite starta i Studvest for 30 år sidan. I dag er ho redaksjonssjef for NRK Vestland.
Reite starta i Studvest i 1995 som nyheitsjournalist, før ho vart ansvarleg redaktør i 1996.
– Eg var veldig nervøs på intervjuet mitt for å bli med i Studvest. Det var nemleg Karl Ove Knausgård som skulle rekruttere. Eg hadde ikkje ei veldig god kjensle etter intervjuet, men eg fekk heldigvis jobben.
Ho fortel vidare at Knausgård var ein streng styreleiar, men ei stjerne i studentmiljøet.

Ikkje ta seg sjølv så høgtidleg
– Kva engasjerte studentane på 90-tallet?
– På mange måtar var det mykje av det same som studentar er opptekne av i dag. Nemleg karakterkrav for å kome inn på studie, stipend, lån og bustadskrise. Det var også veldig stort engasjement kring statsbudsjettet. Vi jobba mykje opp mot regjeringa og statsråd for å få tydelege svar. Det var også fleire studentdemonstrasjonar på grunn av statsbudsjettet.
Reite fortel at det var kjekkast å skrive «Leiarar» som ansvarleg redaktør.

– Denne forma for skriving var veldig lærerikt. Det er viktig å lære å tørre å meine noko. Eg har blant anna skrive leiar om at eg meinte vi skulle bruke «Noreg» i staden for «Norge» når vi skriv om landet vårt, altså på nynorsk.
Vidare fortel Reite at det er viktig å lære seg å tole kritikk frå andre. Eit tips ho sjølv har fått frå ein tidlegare redaktør er å ikkje ta seg sjølv så høgtideleg.
– Dette tipset har eg i grunn tatt med meg inn i jobben i Studvest og vidare i livet.
Vegen frå Studvest til NRK
– Etter Studvest jobba eg i fleire lokalaviser før eg byrja i NRK. Ved å jobbe i lokalavis får ein veldig brei erfaring og ofte stor tillit og mykje ansvar. I NRK har eg jobba med alt frå radio, nett og tv, til å no vere redaksjonssjef.
Reite fortel at det kan vere lurt å vere villig til å flytte på seg og prøve nye plassar.
– Jobben eg hadde i Studvest har absolutt vore relevant for der eg har enda opp i dag. Ansvarleg redaktør i Studvest var mi første leiarstilling. Eg lærde mykje om skriving, men også om personbehandling og korleis ein skal løfte fram folk.
– Kva er ditt beste studentminne frå Bergen?
– Ein av dei beste minna eg har må vere dei seine kveldane på Studvest-kontoret på Studentsenteret. Då sat vi i redaksjonen til langt på natt, for å arbeide for å bli ferdig med avisa.
Ho avsluttar med å seie at det er lite som slår kjensla av å jobbe til seint på kveld, for å så komme på kontoret neste dag og sjå at avisa låg ferdig trykt og klar til å delast ut.