– Humaniora er eit premiss for at samfunnet skal fungere
Klassiske fag har vore i sterk medvind den siste tida. – Personleg er eg ikkje så redd for at eg ikkje skal få meg arbeid, seier filosofistudent.
Det har vorte sett spørsmålsteikn ved relevansen til humanistiske fag. Kine-Celine Ellingsen, leiar i Vestland Unge Høgre, sa at ein må tørre å prioritere framtidsretta studiar. Høgre-politikar Peter Frølich har òg omtalt klassiske studia som «tullestudium».
Dette er studiar som inkluderer kjønn, seksualitet og interkulturelle relasjonar.
Tal frå Kunnskapsdepartementet viser likevel at 90 prosent av masterstudentar frå humanistiske fag er i relevant jobb etter få år.
Sosialantropologistudent Sondre Liven-Wetterhus meiner at humanistisk kompetanse er nødvendig i samfunnet generelt. Han understrekar at ferdigheitene ein lærer under klassiske studium kan overførast til andre jobbar.
– Relevansen til eit fag kjem an på kva som blir verdsett i eit samfunn. Dersom humanistiske fag blir framheva som nødvendige, er det haldningsskapande, seier Alnes.
Bidreg til framtidas tankar
Ifølgje NRK kjem debatten av dei meir ustabile tidene studentar lever i. Praktiske fag har vorte framheva av politikarar som nødvendige, medan humaniorafag mistar studentar.
Liven-Wetterhus fortel at det er synd når det er eit premiss at studium skal vere samfunnsnyttige framfor å ha ein eigenverdi.
– Det er fleire som tek høgare utdanning i dag enn før, så det kan vere ein mindre marknad for dei meir klassiske studia.
Sosialantropologistudent Jonas Pedersen Solen fortel at verda er meir samanbunden enn nokon gong, samstundes som det finst polariserande krefter som skaper barrierar mellom folk.
– Dei humanistiske faga er viktige for å vise kva som gjer menneske like, òg for å skape konstruktiv debatt, seier han.
– Nøydde til å forvalte verdiane vi allereie har
Filosofistudent Frøya Lothe Flateråker seier at filosofistudiet fører til relevant arbeid.
– Eg er ikkje så redd for at eg ikkje skal få meg arbeid. Andelen filosofistudentar som får seg relevant jobb etter studiet, er mykje høgare enn ein skulle tru.
Dette understrekar medstudent Terje Eltervåg.
– Ein treng ein ikkje å skape nye verdiar, men ein må forvalte verdiane vi allereie har. Då treng ein kunnskap og kapasitet som ein får frå humanistiske fag, som filosofi.
Det seier Flateråker seg einig i.
– I ei digitalisert verd blir kommunikasjon viktigare. Å ta vare på det menneskelege og unngå det mekaniske som framandgjer oss. Dette bidreg dei humanistiske faga til.
Jusstudent Alma Luna Alnes seier at det blir skapt ein ond sirkel når politikarar behandlar humaniorafag som irrelevante, fordi haldningane kan spreie seg vidare til dei som vil studere klassiske fag.
Ein naturleg konsekvens
– Debatten er ei naturleg følgje i dagens samfunn, der mange er opptekne av jobb. Dette skjer òg innan kjønnsstudium, der vi no har fått praksisfag, seier Kari Jegersted, som er førsteamanuensis i kjønnsforsking.
Ho forklarer at universiteta ikkje berre er ein utdanningsinstitusjon som skal sende folk ut i arbeidslivet, men òg ein institusjon der kritisk tenking går føre seg.
Ho viser til studium som fremjar kreativitet og kritisk tenking som viktige eigenskapar når verda blir digitalisert, noko som er i samsvar med det humaniora produserer.
– Det er likevel færre som søkjer seg inn til humanistiske fag, det kan komme av diskusjonen rundt humaniora.
– Studietida er ei investering av tid og pengar. Når studentar blir fortalde at dei ikkje kan bli noko med studia, så søkjer dei seg ikkje inn.
Jegersted hevdar at det er paradoksalt.
– Verda blir meir globalisert, det er eit større behov for språkstudentar, men søkjartala er fallande.
– Drivkraft i samfunnet
Jegersted understrekar at HF-studenter får jobb. Ho fortel at studium utan yrkestittel har eit større behov for å søkje på ulike typar jobbar.
Det kan ta litt lengre tid å få jobb, men studentane kjem dit.
– Kompetansen HF-studentar har er stor og nødvendig, og dei er ei drivkraft i samfunnet.
Dekanen for HF ved UiB, Camilla Brautaset, er einig i at HF-studentar får jobb.
– Vi lever i ei verd som utviklar seg raskt, og arbeidslivet er stadig i endring.
Ho seier at dei humanistiske faga er viktige fordi dei gir grunnleggjande kunnskap.
– Humanistiske fag har verdifulle kvalifikasjonar gjennom tolking og analyse, og ved å vere tidlause og høgaktuelle på ein og same tid.