Han er ny byrådsleiar: Lovar fleire bustader
Påtroppande byrådsleiar Chris Jørgen Rødland (H) møtte Velferdstinget Vest (VT), studentøkonomi, psykisk helse og bustad var på agendaen. – Laksevåg is up and coming, seiar han.
– Både for Bergen og for Vestlandet er studentane viktige. Dei tilfører byen mange gode aspekt, seier Rødland.
Han trekkjer fram Velferdstinget som eit viktig samlande organ for studentane i regionen, og meiner det er positivt at studentane organiserer seg på tvers av institusjonane.
– Det er interessant å kome hit i dag. Eg synest det er bra at Velferdstinget fungerer samlande for studentar frå heile regionen, og ikkje berre internt i Bergen sentrum. Det er også bra for å sikre demokratiet.
Rødland seier han merkar seg at fleire av temaa som opptek studentane, også er sentrale spørsmål i den nasjonale debatten. Han trekkjer særleg fram kvardagsøkonomi, bustad og psykisk helse.
Vil trappe opp helsetilbod
Psykisk helse var eitt av temaa som vart teke opp på møtet. Rødland viser til at kommunen har trappa opp tilbodet dei siste tre åra, og trekkjer fram helsestasjonen for ungdom.
Han seier dette også vil vere eit tema i arbeidet med det nye budsjettet, som skal leggjast fram 23. september, men understrekar at han ikkje kan forskotere kva som kjem i budsjettet.
– Dette er noko vi også har fått tydeleg beskjed om frå Velferdstinget sine representantar før dei førre budsjettforhandlingane, seier han.
Han er også nøgd med at tilbodet ved helsestasjonen no er utvida til å gjelde unge opp til 26 år.
Eit anna helsetilbod han får spørsmål rund er ei studentretta fastlegeordning. Som SiO i Oslo har Sammen i Bergen send inn søknad om fastlegeheimel til ei studentretta fastlegeordning, men har per i dag ikkje eit slikt tilbod.
Studvest har tidlegare omtalt planane om eit eige helsehus for studentar.
– Det støttar vi heilhjarta, seier Rødland, men bystyret har førebels ingen konkrete planar om ytterlegare tiltak.
Frå studentliv til bustadjakt
Rødland mimrar også tilbake til si eiga tid som student ved Universitetet i Bergen UiB, der han studerte samanliknande politikk. Han skildrar studenttilværet som ei tid med ein fri kvardag, engasjerte professorar og mange arrangement på Kvarteret.
– Vi må vere stolte av byen vi bur i, og alle tilboda som finst, som kulturtilbod og idrettstilbod gjennom Sammen.
Han trekkjer blant anna fram Hulen som eit døme på ein arrangementstad som er med på å setje sitt særpreg på Bergen som kulturby.
– Kronprinsen har jo vore på Hulen, eg har også vore på Hulen – utan at det er noko meir likskapstrekk der, ler han.
Men sjølv om Rødland sender varme ord mot studentane, er det ei kjend sak at mange studentar har måtta stå i mykje usikkerheit inn mot studiestart på grunn av bustadmangelen.
– Det ikkje berre er fordi studentane er ein del av lærestadene at dei er viktige for Bergen, dei er også sentrale for arbeidslivet og kulturlivet i byen, legg han til
Han trekkjer fram nye bustadprosjekt på mellom anna Dokken, Laksevåg og Mindemyren, og viser til at kommunen har lansert ei studentbustadpakke med tiltak på både kort og lang sikt.
Og skal vi ta den påtroppande byrådsleiaren på ordet, er det særleg eitt område studentane bør halde eit auge med:
– Laksevåg er «up and coming», smiler han.
Han trekkjer fram bustadprosjekt på Laksevåg som skal stå klare allereie neste år.
– Vi er svært imponerte over at dei klarte å snu seg så raskt, trass i hindera som stod i vegen.
Studentane som byutviklerar
Det er likevel ikkje berre bustad og helse som vart diskutert. I studentpolitikken er det også ei kjend utfordring at få studentar stemmer ved studentvala. Rundt 11-13 prosent av studentane stemmer ved vala.
Velferdstinget spurde difor Rødland om det er noko byrådet kan gjere for å bidra til større engasjement og valdeltaking blant studentane.
– Det er eit godt spørsmål, men eg har ikkje noko godt svar på ståande fot, svarar Rødland.
Han meiner likevel det er viktig at Velferdstinget og studentpolitikarane held fram med å møte studentane og ta opp saker som vedrører dei.
Studentane er med andre ord ikkje berre ein viktig del av universitetsbyen, meiner Rødland, men også av Bergen som by og lokalsamfunn.
Når spørsmålet om Bybanen kjem, er han derimot meir forsiktig.
– Det kan eg ikkje svare på heilt sikkert, men vi håpar så fort som mogleg, og er i utgongspunktet klar til å byggje frå neste år av, legg han til.