Fagfolket forklarar: Korleis kan ein student forberede seg på krig?

Kommandørkaptein og førstelektor hjå Sjøkrigsskulen, Stein Hatlem Forsdahl, forklarar korleis studenter kan forberede seg på krig og kva ein bør gjere i ein krigssituasjon. 

TOMT KJØLESKAP: Det er ikkje ein god idé å ha ei tom mathylle om ein krisesituasjon skulle oppstå i landet, særleg om ein ikke er beredt.
Publisert

Fagfolket forklarar

Nyheitsspalta «Fagfolket forklarar» er ei fast spalte der Studvest spør fagpersonar om tema som kan engasjere og interessere.

Krigen i Iran, fullskalainvasjonen av Ukraina og eit verdsbilete som for mange kan verke å bli meir og meir uroleg. Nyleg uttalte forskar Magnus Håkenstad i Aftenposten at han trur det er ein reell sjanse for at Noreg er i ein krigssituasjon i løpet av tre til fem år. Men kva gjer ein eigentleg dersom det oppstår ei krise eller krig der ein bur?

Kommandørkaptein og førstelektor hjå Sjøkrigsskulen, Stein Hatlem Forsdahl, forklarar kva som er det viktigaste for studentar.

– Få tak i informasjon

– Kva bør ein gjere dersom det blir krig i morgon?

– Det aller første ein må gjere er å få tak i informasjon. Utfordringa er å vite kva som faktisk kan vere relevant informasjon.

Forsdahl forklarer at det ofte vil vere mykje desinformasjon i starten av ei krise.

– Difor må ein vere kritisk til kjeldene sine. Lytt til offentlege styresmakter og oppsøk informasjon saman med andre. Bruk nettverket ein har rundt seg og still kritiske spørsmål. Ein må forstå situasjonen før ein handlar. Deretter må ein sørgje for at kvar avgjerd ein tek, gir ein handlingsrom. Dersom ein tek avgjerder som gjer at ein får færre og færre moglegheiter, målar ein seg sjølv inn i eit hjørne.

– Start ein drikkeleik

–  Mange studentar har dårleg økonomi, bur trongt og er langt heimanfrå. Kan ein forvente at dei skal vere førebudde på krig?

Ifølgje kommandørkapteinen treng ikkje beredskap å vere komplisert.

– Å ha enkelt utstyr som ein batteribank, eit enkelt førstehjelpsskrin, samt litt vatn og mat for å klare seg ei lita stund, trur eg alle kan få til. Det treng ikkje vere noko fancy.

– Eg har full forståing for at når ein er student, er det mykje som er kjekkare enn å begynne å tenkje på beredskap. Men dersom ein allereie sit på laurdagskvelden og drikk øl med vennane sine, går det an å starte ein slags drikkeleik der ein tenkjer «kva om». Kva om straumen går, kva gjer eg dersom det blir brann, korleis kjem vi oss ut av dette huset, og så vidare. Dersom ein har vore gjennom ein slik tankeprosess på førehand, så hjelper det. Kanskje kan ein sjå kven som kjem med den mest kreative kriseløysinga.

Forsdahl meiner òg at det er mykje læring i å øve seg i praksis.

– For å ta drikkeleiken eitt hakk lenger, kan ein jo øve seg på det. Slå av lyset og sjå kva som skjer. Men prøv å ikkje bli skadd, fortel ein humrande Forsdahl

EKSPERT: Kommandørkaptein og førstelektor Forsdahl forklarar korleis studenter spesifikt kan førebu seg på krig.

Enkelte studieløp kan halde fram

– Vil nokre fagfelt bli prioriterte, slik at studentane kan halde fram med å studere i staden for å bli mobiliserte?

– Det er svært mange fagfelt som vil ha relevans i ein krig. For å byggje dronar, til dømes, trengst det folk frå teknologiske fagfelt. Dersom ein studerer fag som medisin eller ernæring, er det mykje ein kan gjere i bakgrunnen under ein krig. Det er òg viktig å halde oppe flest mogleg samfunnsfunksjonar for å få straum, mat, vatn og så vidare. Det er realistisk at nokre studium kjem til å halde fram under ein krig.

Forsdahl fortel at krigføring handlar mykje om logistikk og støttefunksjonar.

– Før ei kule har gått ut av eit geværløp, har det skjedd svært mykje. Klede må produserast, soldatar skal ha vatn og mat, og drivstoff må leverast. Det er ei lang verdikjede.

Eit studentansvar å følgje med

– Er det ein reell sjanse for krig i Noreg?

– Det er eit svært vanskeleg spørsmål, og det er umogleg å spå framtida. Det vi kan seie, er at verda er meir usikker no enn før. Det beste vi kan gjere er å vere godt førebudde.

– Er nokre typar krigar/kriser meir sannsynlege enn andre?

– Hybrid krigføring, der aktørar brukar verkemiddel som desinformasjon, jamming av GPS-signal og andre måtar å påverke oss på.

– Utan at vi skal få ein mistenksamheitskultur og eit angivar-samfunn, noko som er veldig skummelt, kan det vere eit studentansvar å følgje litt med. Spesielt dersom ein er innanfor eit fagfelt som er interessant for andre, som til dømes høgteknologiske fagfelt. Følg med på kva slags folk som er rundt deg på studiet, ver nøye med førespurnader du får på LinkedIn, og spør ein ven dersom du er i tvil.

VI SPØR CHAT-GPT:

(For å høyre kor nærme eller langt unna chat er fagfolket)

– Korleis kan ein student forberede seg på krig?

– Ein student kan forberede seg på krig ved å fokusere på generell beredskap og personleg robustheit. Det betyr å lære grunnleggjande ferdigheiter som fyrstehjelp, ha eit lite lager med mat, vatn og nødvendige forsyningar for nokon dager, halde seg fysisk og mentalt i god form, og byggje gode sosiale nettverk. Samstundes er det viktig å fortsetje med utdanning og utvikle kompetanse, sidan kunnskap og profesjonelle ferdigheter er viktige ressursar for samfunnet i kriser.

Powered by Labrador CMS