Fagfolket forklarar: «Alle» har plutseleg fått ADHD
Sjølvdiagnostisering florerer på nettet. Førsteamanuensis Rune Raudeberg forklarar kva som ligg i ein diagnose.
Fagfolket forklarar
Nyheitsspalta «Fagfolket forklarar» er ei fast spalte der Studvest spør fagpersonar om tema som kan engasjere og interessere.
På sosiale media ser ein folk diagnostisere seg sjølv med psykiske lidelser heile tida. Kvar dag har nokon fått autisme, angst, ADHD, likevel har det vist seg at diagnosen kom fra dei sjølve.
Kva er det faktisk som ligg bak ein psykisk diagnose? Kva er det dei profesjonelle gjer når dei faktisk diagnostiserer nokon med Alzheimer? Førsteamanuensis og seksjonsleiar for klinisk nevropsykologi på UiB, Rune Raudeberg, skal ta oss med på reisa på korleis fagfolka diagnostiserer folk med psykiske lidingar.
– Kva inneber ein psykologisk diagnose i praksis?
– Ein diagnose gir rettigheiter til behandling og i nokon tilfelle andre tiltak, som støtte og hjelp til skule, arbeid eller i livet. Dersom ein person har lærevanskar som er så omfattande at vanskane passar med kriteriane for diagnosen intellektuell funksjonsnedsetjing, utløyser diagnosen mange rettigheiter i helsetjenestene. Dette gjelder òg på skulen og i andre lignande tjenester i kommunen.
– Korleis skil dykk mellom normale reaksjonar på livet og ein psykisk liding?
– Det avgjerande er som regel graden av funksjonssvikt, slik som konsekvensane av symptoma. Det er for eksempel mange som får plagsame minner, dårleg søvn og mykje angst dersom dei har opplevd ein farleg og truande situasjon. Det er ein normal reaksjon. Det problematiske er når det ikkje går over og reduserar personen sin funksjon i det daglege. Blir plagene store nok vil dei passe med kriteriene for diagnosen PTSD. Symptoma treng ikkje vere unormale, men omfanget og intensiteten er ofte det som er avgjerande dersom det er ein diagnose eller ikkje.
– Kva verktøy eller metodar bruker dykk når dykk stiller ein diagnose?
– Vi bruker samtaler og diagnostiske intervju, ulike testar, for eksempel kognitive testar og personlegheitstestar, og observasjon. Nokon gonger snakkar vi også med andre som kjenner pasienten godt.
– Kor sikre kan dykk eigentleg vere på at ein diagnose er «riktig»?
– Graden av sikkerheit er avhengig av diagnosekriteria. Nokon diagnosar har veldig mykje felles med andre diagnosar, og då kan det vere vanskeleg å bestemme kva slags diagnose som er riktig. Andre diagnosar har liten overlapp og har kriterie som ikkje opnar for så mykje skjønn. For eksempel, for å stille diagnosen «Intellektuell funksjonsnedsettng», må det gjerast både ein formell evneprøve og ein systematisk kartlegging av evner til å klare vanlege daglege oppgåver på eigen hand. Resultatet på begge prøvene må vere lågare enn 70, som er lavere enn det 98 prosent av det befolkninga har.
– Kan ein diagnose endre seg over tid,og hva skjer i så fall?
– Ja, absolutt. Det er vanleg å bli frisk frå mange psykiske lidingar, og då har ein ikkje lenger diagnosen. Andre diagnoser går ikkje over og nokon få blir verre. Alzheimer sykdom og demens er eksempel på det siste.