Erkjenner delvis straffeskuld

Mandag starta første dag i rettsaken mot den tidligare NHH-studenten som er tiltalt for narkotikaovertredelse og kvitvasking.

Statsadvokat og aktor i saken til høgre, Kristine Knutsen-Berge og politiadvokat Jørgen Henriksen.
Publisert Sist oppdatert

Saken oppdateres….

Den tidligare NHH-studenten erkjenner straffskuld for kvitvasking av grov art. Og delvis straffeskyld for aktivitetar til ein organisert kriminell gruppe, som har erverva, oppbevart eller overdratt narkotika.

Ifølje tiltalen hadde den tidlegare NHH-studenten ei leiande rolle i gruppa, saman med ein mann i 30-åra frå Austlandet. Studenten var ansatt i selskapet til mannen frå Austlandet som prosjektleiar.

Statsadvokat og aktor Kristine Knutsen-Berge presenterte i innleingsforedraget at han skal ha skaffa 137 kilo kokain, 25 kilo hasj og 3 kilo amfetamin i løpet av eit års tid. Då skal han ha sørga for at delar av stoffet blei omsatt i Bergen, Oslo og andre stadar i landet i ei periode frå sommaren 2025 og fram til desember same år. 

I tillegg koordinerte han pengeleveranser og kryptooverføringar tilbake til leverandørane av narkotikaen.

Hans forsvarar, Sander Brink, sei at dei ikkje ønskjer å kommentere saka ytterlegare i forkant av rettsaken.

Aktor sa innleiande i rettsaken at dette er ein alvorleg og omfattande sak som vil foregå dei neste tre vekene. Det er også lagt fram over 4800 sider med bevismateriale. 

Forsvarer til den tiltalte NHH-studenten, Sander Brink.