Eg trudde husarbeid kom til å knekke meg

Då mamma sa eg måtte ta ut av oppvaskmaskinen, vaske badet eller greie pelsen til katten, gjekk det eit sukk gjennom heile kroppen.

Endre Ottesen frykta korleis det skulle gå då han flytta frå foreldra sine. Med denne teksten vann han skrivekonkurransen vår.
Publisert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Eg kunne faktisk fysisk kjenne det. Ein klump i magen, og all energi kjendest soge ut av kroppen.

Ikkje fordi oppgåvene var så vanskelege i seg sjølv, det berre kravde så mykje der eg låg i ei komfortabel stilling på sofaen og skrolla på Tiktok. Klumpen i magen var ekstra stor fordi eg visste at til hausten skulle eg flytte for meg sjølv. No hadde eg ein autoritær leiar som styra meg rundt, men til hausten måtte eg gjere alt husarbeidet sjølv, heilt sjølvstendig.

«Det jeg ikke innså før jeg flyttet hjemmefra»

Skrivekonkurranse for folk under 30 år, arrangert av Studvest og Bergens Tidende.

Et utvalg av de beste bidragene publiseres i løpet av mars og april.

Skrekkslagen

Eg hadde sett på mamma og pappa, dei styra og stella døgnet rundt, gjorde husarbeid meir enn noko anna. Var det verkeleg slik vaksenlivet skulle bli? Eit evig husarbeid, litt jobb midt på dagen, puse litt på katten om kvelden, og så døyr ein, og det var det?

Ein gong på vidaregåande sov eg over hjå ei jente som gjekk på universitetet. På den vesle hybelen hadde ho det ryddig og koseleg. Trass i å vere overvelda av å vere med ei universitetsjente, eller ei jente i det heile tatt, klarte eg å tenke på dei viktige tinga; korleis meistra ho vaksenlivet med alt husarbeidet? Eg vil ikkje gå i detaljar om kva som skjedde den natta, men eg kan seie så mykje at eg kjende på nakken hennar, og nakken var akkurat slik eg frykta; stiv som ein pinne og mange muskelknutar.

Tankane gjekk sjølvsagt til husarbeidet. Vaksenlivet ser sikkert fint ut på Instagram, men ein vaksennakke lyg ikkje, husarbeid og vaksenliv gjer nakken pinne stiv. Skrekkslegen for alt husarbeidet flytta eg sjølv ut og byrja på universitetet.

Hovudet får kvile

I starten gjekk det fint, eg tok ut av oppvaskmaskinen og vaska badet utan å tenkje over det. Katt skal eg aldri få meg. Først tenkte eg at eg på eit eller anna tidspunkt kom til å møte veggen, husarbeidet kom sikkert til å knekke meg på sikt, men veggen helste eg aldri på.

Enda litt meir tid gjekk, og eg byrja faktisk å setje pris på husarbeid. Eg pratar, skriv, les eller skrollar på Tiktok heile dagen, men når eg gjer husarbeid, då gjer eg ingenting, då får hovudet kvile. Det viste seg også at det kan vere deilig å sleppe å ha ein autoritær leiar, i mitt hus er det den herlege anarkismen som rår. Eg innsåg også at mamma og pappa ikkje styra og stella, dei berre stella, utan å styre noko særleg.

Livet inneheld kanskje ein del husarbeid, men husarbeid er ikkje så ille som mange skal ha det til. Det er berre å gjere det. Universitetsjenta såg eg aldri igjen. Ho tek nok lett på husarbeidet, ho også, ho trengde nok berre ein tur til kiropraktor.

Har du noe på hjertet?

Ønsker du å ytre din mening? Vi i Studvest vil gjerne høre fra deg!

Send ditt innlegg på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.

Tips for innlegget ditt:

  • Lengde: helst 1800–2500 tegn (inkludert mellomrom), men lengre bidrag kan vurderes.

  • Husk å gi innlegget både tittel og ingress.

  • Legg ved et portrettbilde av deg selv vi kan bruke, og oppgi fotografens navn dersom bildet skal krediteres.

  • Oppgi også hvilken tittel du ønsker å stå med.

Vi forbeholder oss retten til å redigere innlegget ved eventuell publisering.

Gi beskjed dersom innlegget allerede er sendt til andre medier.

Powered by Labrador CMS