Sterk og unik lesaroppleving
Romanen «Jeg kommer hjem!» har fleire spennande og mystiske grep. Da siste side vart lest, ønskja eg å vite enda meir.
Det er ikkje lett å vite kor ein høyrer heime dersom ein har flykta frå heimlandet sitt. I alle fall ikkje om ein ikkje veit når ein kjem heim att eller om ein kjem heim i det heile tatt.
Dette er det avgjerande temaet Maria Navarro Skaranger skildrar i sin nyaste roman, «Jeg kommer hjem!».
Debut-romanen hennar «Alle utlendinger har lukka gardiner», skildrar fleire av dei same tema, men hennar nye roman er meir vaksen og gjennomført.
Det er tydeleg at dette er eit tema som står forfattaren nær.
Ein flykning kjem til Noreg
Romanen startar ikkje med boken sin hovudperson «Pablo», men med ein skildring av livet til far hans. Han er flyktning frå Chile, og har forlate familien i heimlandet. Flukten skal ta han til Noreg kor han lagar sitt nye liv, eller rettare sagt, fleire nye liv.
Faren lev eit dobbeltliv og er prega av ei rastløyse. Sonen hans Pablo tek desse raustlause eigenskapane vidare når han sjølv blir far. Saman med Em har dei to barnet Liam. Det skulle vise seg at også Em skulle bli aleine med ansvaret.
Familierelasjonar er eit sentralt tema i boka, spesielt dei av den kompliserte typen.
Likt som sin eigen far slit Pablo med å ta vare på relasjonane i livet sitt. Det skulle vise seg å vere eit generasjonelt traume.
Det er sterkt å lese om Pablo sin mangel på tilhøyrsel. Han heng ikkje med når faren snakkar spansk med slektningar på telefonen, og han lyg til andre om at han har vore i Chile.
Når Pablo seinare blir far sjølv, slit han med den same passiviteten som far sin, og han slit med å vere til stades for sin eigen son.
Kjem ikkje heilt tett på karakterane
Romanen har ein forteljarstemme som verkar mystisk og allvitande. Korleis kan forteljaren vite kva far til Pablo drøymde da han satt på bussen på veg til familien sin i Chile?
Forteljinga er tidvis repetitiv, men det kompenserast med den engasjerande måten ho blir fortald på.
Lange setninger kombinert med febrilske innskott og hyppig bruk av teiknsetjing funkar som ein drivkraft gjennom boka, og får fram ein desperasjon og iver hjå lesaren.
Desse innskotta frå forteljaren skapar eit spennande meta-element kor ein bli «kasta ut» av forteljinga av ein anekdote eller tanke.
Måten fortjelinga blir fortald setter nokon grenser for kor tett ein kjem inn på karakterane. Dette fører til at dei tidvis opplevast kjedelege og todimensjonale.
Mystikken kring forteljarrøysta blir etter kvart løyst, men nysgjerrigheita kring relasjonen er framleis til stades.
Det er noko mystisk over romanen som gjer at ein ikkje føler seg heilt ferdig med boka etter siste side. Eg sitt att med ein delvis tilfredsstilla nysgjerrigheit, men også ei lyst til å vite meir.