Samla 250 deltakarar til 160 km langt løp
Utvekslingsstudent Niels Reuvkamp tok initiativ til Fantoft Ultra som gjekk av stabelen fredag. Målet var å skape eit samlingspunkt for løpeglade menneske - uansett nivå.
Mottoet for løpet var «Ja, eg kan». Dersom ein deltakar er i tvil på om ein klarer å fullføre løpet skal nemleg mottoet vere ein motivasjon til å fortsette.
Initiativtakar Niels Reuvkamp frå Nederland er glad i å løpe, men fann ingen løp som passa inn i kalenderen. Da valde han å arrangere sitt eige ultraløp med mål om å samle flest mogleg folk som ønskjer å utfordre seg sjølv.
Reuvkamp er nøgd med oppmøtet på heile 250 deltakarar frå over 15 nasjonar. Når startskotet går, spreier det seg heiarop og smil medan musikken rungar over studentlandsbyen på Fantoft.
Eit backyard ultraløp er eit løp der ein spring ei runde på 6.7 km kvar time. Fullfører du ikkje runden før timen er omme, er du ute av løpet. Løpet varar i 24 timar, og fullførar ein alle rundane har ein sprunge omtrent 160 kilometer.
Erfarne løparar
– Eg sa til Niels at eg kom til å støtte han dersom han fekk dratt i gang arrangementet. Men eg trur dessverre også at han er min største konkurrent, fortel deltakar Antoine Noel.
Minutt før løpet startar er Noel i godt humør, og klar for sitt første ultraløp. Han er utvekslingsstudent frå Belgia, og erfaren med å springe distanse.
Målet hans er klart: Å løpe tilsvarande eit maraton.
– Eg har med meg ein kompis som seier at han gjer kva som helst for at eg skal gjennomføre, uansett om det er å lage mat til meg, hjelpe meg å få på varme klær eller å gi meg massasje, smiler han.
Litt lenger borte sit venninnene Sunniva Bretland Borch og Marit Lund omringa av utstyr. Sjølv om dei er godt førebudd, er det deira første ultraløp. Det er likevel verken første eller siste gong jentene spring langt.
– Vi har løpt halvmaraton tidlegare, og neste år skal me springe halvmaraton i Budapest, fortel Borch.
Eit samlingspunkt
Reuvkamp står også klar på startstreken. Han har ein personleg rekord på 16 rundar i tilsvarande løp.
I kveld skal han prøve å fullføre alle 24 rundane.
– Eg starta dette som noko gøy for meg og vennane mine, men etter kvart tok eg kontakt med Saman for å få hjelp til arrangementet, fortel Reuvkamp.
Han er glad for at mange utvekslingsstudentar i same situasjon har meldt seg på.
– Eg tenkte det ville vere vanskeleg for dei å ikkje delta når arrangementet foregår rett utanfor dørstokken deira.
Reuvkamp fortel at sjølv om ultraløp kan vere slitsomt, er det som ein bardomsdraum.
– Du får vere oppe heile natta, spise masse godteri og springe så mykje du vil, flirer han.
Imponert over initiativet
Dag Rød Hilland frå Saman står for tryggleiken under arrangementet. Medan han deler ut startnummer fortel han at det har vore lett for Saman å samarbeide med Reuvkamp om arrangementet.
– Det er fint at mange av dei som bur her er med. Det er det me ynskjer med arrangementa våre, seier han.
– Niels har gjort det aller meste. Vi stiller eigentleg berre med fasiliteter, fortel han.
Hilland skal vere vaken gjennom natta. Saman stiller med mat til deltakarane, og mogligheit for å varme seg inne på treningssenteret.
Etter 20 rundar og 134 kilometer vann Gabriel Bjørkhaug Fantoft Ultra.