SAIH-donasjonane har stupt med 72 prosent – peikar på UiB

Tidlegare måtte studentane ved UiB aktivt takke nei til å gi pengar til SAIH. No er det motsett og donasjonane har stupt. Ønskjer ikkje bruke tvang, fortel UiB-prorektor.

SKULDAST BETALINGSLØYSING: Leiar i SAIH, Henriette Reierson Johnstone, meinar fallet i donasjonar er forårsaka av UiB sin nye løysing for semesterregistrering.
Publisert Sist oppdatert

– Desse bidraga er både ryggrada i oss som organisasjon, men også ein stolt tradisjon hjå studentane, fortel Henriette Reierson Johnstone, leiar i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH).

I Bergen har studentane dei seinaste åra jamt over donert likt som før til organisasjonen, men med eitt unntak.

Studentar ved Universitetet i Bergen (UiB) donerar 72 prosent mindre til SAIH enn for fem år sidan.

Beløpene er oppført i mengde kronar.

Skuldast truleg ny betalingsløysing

Johnstone trur det kjem av endringa frå ein opt-out til ein opt-in-løysing hjå UiB sin semesterregistrering. Det betyr at studentane i dag aktivt må huke av at dei ønskjer å donere, i motsetnad til tidlegare da donasjonen automatisk var vald.

Ho meiner endringa har gjort det mindre sannsynleg at studentar faktisk donerer.

Samstundes er det ifølgje Johnstone viktig for SAIH å spreia bodskapet om organisasjonen sitt arbeid til studentane. 

– Me vil jobbe med informasjon om kva pengane går til, slik at studentane har lett tilgjengeleg informasjon om kva deira donasjon går til. 

Leiaren meiner at ein opt-out-løysing også kan gjere at fleire studentar blir merksame på SAIH.

Sjølv opplever Johnstone ein tydeleg solidaritetskjensle blant studentane i Bergen.

– Me ser lokal aktivisme, engasjement og tillitsvalde som bryr seg om studentar globalt.

Endring ligg i henda til UiB

Også Studentparlamentet ved UiB ønsker ei endring.

– Me har vedtatt at me ønskjer opt-out-systemet tilbake, slik det var før. Bytte til opt-in-systemet har dessverre resultert i at veldig mange ikkje hukar av feltet, og donasjonane har gått ned, seier leiar for Studentparlamentet, Fillip Rønning Jakobsen. 

ENDRING VENTAR: Leiar for Studentparlamentet, Fillip Rønning Jakobsen, fortel at Studentparlamentet har forsøkt å få UiB til å endre donasjonsmetoden.

I fjor haust valde parlamentet å auke bidraget frå SAIH-tiarar til 50 kronar, samstundes bekrefta parlamentet at dei ønskjer ein opt-out-løysing.

Men det er universitetet sjølv som må gjere denne endringa.

– Det ligg og kviler på UiB. Det er opp til institusjonen som krevjer inn innsamlingsavgifta som avgjer kva metode som skal nyttast, seier Jakobsen.

Har vore for dårlege til å nå ut

Lokallagleiar i SAIH Bergen, Kawther Adel Alshagrouni, trur ikkje SAIH har vore gode nok til å formidle sitt arbeid.

– Det er ikke studentane sin solidaritet det er noko i vegen med. Me må heller finne nye veger for å nå dei, meiner Alshagrouni.

Leiaren trur også nedgangen skuldast ei overvekt av utvekslingsstudentar hjå lokallaget. 

– Eg trur mykje handlar om at stemma vår i hovudsak går ut til internasjonale.

HAR EIN PLAN: Alshagrouni seier lokallaget skal gjere meir for å nå studentar framover.

Alshagrouni meiner dei har vore for dårlege til å informere om kva studentane sine donasjonar går til, og kva organisasjonen konkret jobbar for.

– Me forstår at studentar har ein hektisk kvardag og ønskjer ikkje å presse nokon til å bidra, me kan heller ikkje tvinge dei, men me kan gjere dei bevisste på vårt arbeid, seier ho.

Til tross for den negative trenden, meiner leiaren at dei har ein god plan vidare.

– Det viktigaste me kan gjere som lokallag er å finne måtar å sprei bodskapet til SAIH på ein best mogleg måte.

Ifølgje Alshagrouni betyr dette å satse meir på sosiale medium, arrangement og panelsamtalar enn tidlegare.

Ønskjer ikkje å bruke tvang

Prorektor for utdanning ved UiB, Sigrunn Eliassen, forklarer at universitetet tok i bruk den nye betalingsløysinga i 2020. Løysinga vart innført for å gjere det enklare å betale med kort og Vipps.

– Samstundes ble måten bidrag til SAIH handterast på endra, seier prorektoren.

– Me ser at færre studentar gir bidrag til SAIH etter innføringa av den nye betalingsløysinga. Dette vil nok kunne føre til lågare oppslutnad, særleg om studentane ikkje kjenner til SAIH sitt arbeid.

Sigrunn Eliassen, prorektor for utdanning ved Universitetet i Bergen.

Tidlegare låg SAIH-bidraga forhandsvald og studentane måtte sjølv aktivt velje dette bort. I dagens løysing er det motsett, ifølgje Eliassen, ønskjer ikkje universitetet å tvinge studentane til å donere.

– Prinsipielt meiner me det er vanskeleg å krevje at studentar aktivt må velje bort å donere pengar til SAIH eller andre organisasjonar. Gjennom betalingsløysinga er det likevel enkelt å gje ein slik donasjon, seier Eliassen.