– Ryggsekk ser kanskje litt barnsleg ut
Studentane ofrar komfort av frykt for å sjå ut som skulebarn.
«Du spotte ikkje Arif med ryggsekk, liksom», seier Einar Gullaksen (25) i ein TikTok.
Ein kjapp spasertur rundt på dei ulike studiestadane vekkjer spørsmåla: Kva skjer med alle veskene? Er det flaut å gå med ryggsekk?
– Det gir litt «første skuledag»-vibbar, seier TikTok-profilen om ryggsekken.
Gullaksen gir også ein demonstrasjon:
Stroppane på Douchebagen trekker han over skuldrene og strammar dei til, slik at sekken blir heisa høgt opp på ryggen. Med sprettande steg spradar Gullaksen rundt i rommet som ein kry førsteklassing.
BI og business-estetikk
Gullaksen peikar ut Handelshøyskolen BI som plassen for å finne dei veskekledde studentane.
– På BI går ingen med ryggsekk, seier han, som tidlegare jobba ved studiestaden.
Gullaksen meiner at skuldervesker, spesielt i skinn, har teke over høgskulen.
Han trur det botnar i at BI-studentane er meir retta mot næringslivet. Vesker har eit «business-stempel», meiner han.
Er det å bruke veske blitt eit vaksenteikn? Ifølgje studentar verkar det å stemme.
Å bruke sekken som skulderveske: – Kanskje eit «play»?
Tilbake til Gullaksen sin TikTok: Her lanserer han også ei mogleg løysing på ryggsekk-problemet – nemleg å droppe den eine stroppen.
– Ja, det er eit «play». Det viser at du er leiken med bereevna, forklarar Gullaksen til Studvest.
Å bruke éin stropp viser at du «er i farten» – eit uttrykk Gullaksen fortel at han likar. I tillegg meiner han det ser «objektivt kulare ut».
For å illustrere viser han til karakterane Carlton og Will i TV-serien «Fresh Prince of Bel Air».
Førstnemde er strigla og «preppy» og bruker dobbeltstroppar. Will er derimot meir avslappa, og held seg til éin stropp.
– Éin stropp seier «eg er berre innom». To stropper seier «eg har ein plan», fortel Gullaksen.
På spørsmål om kva som er det beste valet, kjem svaret:
– Det er best å ha ein plan, men verke som om du berre er innom.
SoMe-profilen meiner ryggsekken kjem til å overleve i lang tid. Det gjenstår berre å sjå om moteindustrien klarer å gjere han kul igjen.
«Gorp-core», eller turmote-stil er ein trend som kanskje kan løfte sekken igjen.
Elles har Gullaksen trua på små sekker, gjerne i skinn. Dei beskriv han som «clean».
– Eg bruker dobbeltstropper sjølv, seier Gullaksen.
Han legg til at han ikkje dømmer nokon andre som bruker ryggsekken på same måte som førsteklassingane.
Praktiske omsyn kjem først, meiner han. Studentar med masse å bere treng ikkje ofre komfort for å sjå vaksne ut.
– Viss du går på eit studium med masse bøker, så er kanskje ryggsekk «eit play».
Vesker overalt
Med råda i mente går turen vidare til det moderne BI-bygget på Marineholmen. Det viser seg raskt at Gullaksen hadde rett.
Gutar, jenter og professorar – skulderveskene dinglar på dei alle.
– Det er jo ingen som brukar sekk lenger, seier Pauline (19).
Saman med Astrid (20), Martine (20) og Cornelia (20) studerer ho digital kommunikasjon og marknadsføring på BI. Me avbryt kollokvien for å spørje om berevanane deira.
– Kvifor bruker dykk ikkje ryggsekk?
– Det er ikkje så veldig mange som ser så fine ut, synest Astrid.
Gjengen er samstemde i at vesker i ulike storleikar gir fleire moglegheiter, alt etter kor mykje som skal fraktast.
Jentene beskriv overgangen frå sekk til veske som eit slags overgangsritual, på linje med å byrje med sminke.
I likskap med Gullaksen meiner dei at ryggsekk «gir litt barneskule». I tenåra fekk dei derimot auga opp for vesker, og etter kvart vart ryggsekken mindre ettertrakta.
– Med ein gong veske vart inn, så var det jo plutseleg rart å gå med sekk, seier Kornelia.
BI-gutar
På gangbrua i hjartet av handelshøgskulen kjem Sebastian (21), Leander (19) og Thomas (20) gåande. Dei ber alle på kvar si skulderveske.
– Er det flaut å gå med ryggsekk?
– Skal eg vere heilt ærleg, så ja. Det finst liksom ikkje nokon kul ryggsekk ein kan gå med, seier Sebastian.
Management-studenten bruker kun ryggsekk på «gymmen». Gutane er samde i at vesker har eit meir modent preg:
– Ryggsekk ser kanskje litt barnsleg ut, meiner Leander.
Sekker i Sandviken
På Norges Handelshøyskole, som ligg rett ved ein Sammen-«gym», er håpet å finne nokon til å tale ryggsekkens sak.
Det viser seg å ikkje vere så enkelt, for dei kontoraktige, brune skinnveskene har spreidd seg langt utanfor veggane til BI.
Ein rosa ryggsekk med Hello-Kitty-pin skil seg derfor ut i mengden.
Utvekslingsstudentane Danna og Amber er begge 20 år og kjem frå Guangzhou i Kina. Jentene bruker ryggsekk på grunn av komfort. Dei er heller ikkje åleine om å føretrekke dobbeltstropp.
– Etter det eg har sett, bruker mange av gutane her sekker frå eit merke som heiter «DB», eller noko, fortel Amber.
Nokre jenter bruker også Douchebag, men skulderveska er mest populær, ifølgje ho.
Amber synest sistnemnde er meir moteriktig, sidan veska viser fram meir personlegdom enn det ein standard ryggsekk gjer.
I Kina er det også vanleg, ifølgje jentene, å gå frå ryggsekk til ei annan type veske når ein vert vaksen.