«HOLD MASKA» riv av deg maska
Psyksessrevyen hadde premiere på onsdag. Ver lykkeleg fordi du har ein etikett, overtyder dei publikum om, eller gjer dei det?
Premieredagen for Psyksessrevyen 2026:«HOLD MASKA» er her. Det er sjølvsagt utseld, og i salen kriblar det av spenning. Studvest sin utsende er på si side mer oppteken av ljoset i taket. Kvifor skin det så sterkt i auga? Ho held maska, vil ikkje knipe auga så tett saman at ho framstår som ein skeptisk anmeldar. Eigentleg vil ho berre kose seg og le i kveld. Vona vert oppfylt. «HOLD MASKA» er ein fest å sjå!
Ljoset går av, og allerede før skodespelarane kjem på scena høyrer ein rungande jubel frå publikum. Skodespelarane er maskerte, og gjennom ein kraftfull og syngande start får dei fram temaet i revyen: ta på maska og vert ein annan. Dette er den raude tråden i Psyksess sin revy, men den er ikkje framtredande. Fleire av innslaga tek ikkje opp denne masketematikken, men gjer det eigentlig noko?
Nynorskkvotering og ødipuskompleks
Revyen er på sitt beste når skodespelarane bryt ut i sang. Psyksess viser kva dei kan når Sigmund Freud diagnostiserer ein kar som forelska i mamma. Til melodien av «Hun er forelska i lærer'n» syng Freud «du bist forelska i mamma», og den fornektande pasienten må til slutt innrømme at «jeg vil ta hun hardt». Med flinke dansarar og ein passe tullete Freud vert dette ein av dei løgnaste sketsjane, og anmeldaren måtte halde seg frå å nynne «åh-åh-åh».
Høgdepunktet i revyen er nok «Det går bra», eit musikalnummer der Mette-Marit seier at det går bra at heile Noreg veit kven ho har sexta med, og ein annan er okei med at roomien har seld skoa hans for å kjøpe øl. Alle skodespelarane er med, og dei drar skikkeleg på. Dei syng og dansar alt dei har, og Studvest sin utsende vert kraftig imponert. Toppen av kransekaka er at dei syng på nynorsk, fordi dei må representere undertrykte grupper. Nokon ville kanskje tolka det som eit stikk, men ikkje denne anmeldaren! All PR er god PR.
Pink Freud
Revyen byr på mykje løye, men det er ikkje alt som treff like godt. I ein sketsj syng eit militærbarn om å vere rotlaus fordi familien flyttar så ofte. Innslaget er fengande og flinke dansarar i fjonge kostymar dreg det opp, men tematikken framstår litt malplassert. Kva har dette å gjere med å halde maska? Sketsjane som bommar er heldigvis i mindretal, og lagar ikkje store ripar i lakken.
Pink Freud er Psyksess sitt band, og det er i byrjinga av andre halvdel at dei verkeleg viser kva dei er gode for. I ein episk medley går dei saumlaust frå Knudsen og Ludvigsen sine melodiar til «The Phantom of the Opera», vidare til «Oro jaska beana» og fleire ikoniske låtar. Songarane skin, og saksofonsoloar, blokkfløyteinnslag og musikarar som køyrer på bidreg til å lyfte revyen til neste nivå.
Smirnoff Immigration and Customs Enforcement
I ein kort og treffisikker sketsj om gløymt uibkort viser skodespelarane verkeleg kva det er gode for. Utan å seie eit einaste ord formidlar dei den velkjente frustrasjonen over å ha gløymt kortet. Pantomimesketsjen gjev eit avbrekk frå dei meir omfattande innslaga, og er skikkeleg morosam trass tystnaden.
Ein kjem aldri unna Trump, og han gjer sjølvsagt inntog i «HOLD MASKA». Heldigvis er han berre innom på to korte besøk. Han har nemleg ein agenda: han icer publikum! Trump kjem frå Nord-Norge i denne revyen, men har ikkje Christian Mikkelsen allereie parodiert Trump som ein nordlending? Uansett er Psyksess sin Trump skikkeleg bra levert, Studvest sin utsende er berre litt lei seg for at ikkje ho vart ica.
Fasaden sprekk opp i latter
«HOLD MASKA» osar av glede og absurd komikk. Publikum er heilt på lag, og dei greier sjeldan å halde på maska. Psyksess problematiserer alle desse maskene me tek på oss på grunn av forventingar og press, dei maskene som skjuler det ein ikkje har kontroll på. Trass i at fleire innslag ikkje omhandlar desse maskene, direkte eller indirekte, skjønar ein kva bodskapen er, og anmeldaren sluker det. Revyen riv vekk maskene, og serverer publikum eit forrykande og underhaldande program.
Karakter: A