– Fadderveka er eit maraton, ikkje ein sprint

Alkohol, nye andlet og eit hav av inntrykk – fadderveka er tøff for dei fleste. Derfor har vi spurt fadderstyra ved UiB, HVL og NHH om å dele sine beste tips til korleis ein «nailar» fadderveka.

GLER SEG: Fadderstyra gler seg til å ta i mot nye studentar.
Publisert

Me har kontakta dei ulike fadderstyra på mail for å høyre korleis du best skal overleve dine første veker som student. Tipset er klart: Ver open for å bli kjent med nye folk. 

Fadderstyret ved det Samfunnsvitenskapelige fakultet

Tipsene frå SV-styret er konkrete og presise:  

– Hugs å ete og drikke nok vatn.

– Ver open for å bli kjent med nye folk.

– Inkluder andre. 

– Følg med på informasjon som blir gitt på sosiale medier og på nettsidene til UiB.

– Drikk med måte, og ikkje ver redd for å seie nei. 

– Ver open og interessert. 

KONKRET: Fadderstyret på SV gir konkrete tips til korleis ein lukkast i fadderveka.

Kjernestyret ved Noregs handelshøgskole

– Ver open og bli med på ting, sjølv om det kan kjennast litt utanfor komfortsona i starten. Fadderveka er ei unik moglegheit til å bli kjend med mange nye menneske, og dei aller fleste er i akkurat same situasjon som deg.

– Samstundes er det viktig å hugse å ta vare på både seg sjølv og andre undervegs. Drikk vatn, et godt og lytt til kroppen dersom du treng ein pause eller ein rolegare dag. Fadderveka er eit maraton, ikkje ein sprint.

– Det viktigaste er ikkje å vere med på absolutt alt, men å finne menneske og miljø ein trivst i. Møt folk med ei positiv innstilling, ver inkluderande og våg å ta initiativ. Ofte er det dei små samtalane som blir starten på gode vennskap.

TA EIN PAUSE: Du treng ikkje sprinte.

Fadderkoordinator på Høgskulen på Vestlandet

Aurora Tomine er fadderkoordinator på HVL, og har fleire råd på lager.

SEI JA: Men viktigst av alt, kos deg!

– Mitt beste tips til fadderveka er eigentleg ganske enkelt: sei ja til ting (men ikkje til alt). Det er lov å ta ei pause, dra heim tidleg eller skippe ein kveld om du treng det. Du går ikkje glipp av heile studietida fordi du ikkje er med på absolutt alt første veka. 

– Noko av det viktigaste du må ha i bakhodet er at du ikkje treng å drikke for å være ein del av fellesskapet. Det er null skam i å takke nei til alkohol, eller å drikke brus under drikkeleikar. Dei beste folka respekterer dette utan å stille spørsmål. Fadderveka handlar mykje meir om å bli kjent med menneskene rundt deg, enn å ha fokus på kva folk har i glaset. 

– Ikkje minst vær åpen og nysgjerrig på folk rundt deg. Alle er eigentleg nervøse og på leit etter nye venar, sjølv om det kanskje ikkje alltid ser sånn ut. Sett deg ved sida av nokon du ikkje kjenner, bli med på den tilfeldige samtalen i køa, eller inviter til en kaffi dagen etter fest. Det er ofte dei små augeblikka som er starten på dei beste vennskapa.

– Og så en liten ekstra nevnelse til alle dei flotte studentorganisasjonene vi har på HVL: Meld deg inn i studentorganisasjonar, idrettslag, kor, revy eller frivillige gruppar. Det er kanskje den lettaste men også mest givande måten og finne folk med same interesser som deg på!

Ho avslutter og skriv:

– KOS DEG MASSE! Fadderveka kan være kaotisk, klein, morosam og veldig fin. Ofte alt på same tid! Det er ingen som forventar at du skal ha full kontroll frå dag ein. 

Powered by Labrador CMS