Kvifor er det ingen vaksne som set ned foten når det kjem til regulering av sosiale media for barn og unge?
Eg går no inn i mitt siste år på bachelorstudiet, og eg har tenkt mykje på kor vanskeleg eg synest det er å lese akademiske tekstar. På studie mitt er dette eit krav, men etter nesten tre år, føler eg framleis ikkje meistring.
Dette er en kommentar. Teksten gir uttrykk for forfatterens egne meninger.
Skal eg vere heilt ærleg, er dette fordi konsentrasjonsevna mi er for dårleg. Eg klarer ikkje å unngå å trekke ein raud tråd mellom dette og den vesle skjermen eg på død og liv ikkje klarer meg utan.
Føre-var-prinsippet står sterkt i Noreg, men ikkje når det kjem til reguleringa av sosiale media og mobiltelefonen hos barn og unge.
Norsk politikk blir driven av prinsippet om å føresjå og vere førebudd. Det blir brukt i miljøpolitikk, helse, beredskapspolitikk, næringsliv og oljefondet, ja stort sett alt. Likevel blir det varsla om radikalisering, mobbekultur og dårleg konsentrasjonsevne blant barn og unge. Dette er ei utvikling vi har sett dei siste åra.
Aldersgrensa på sosiale media er fortsatt 13 år. Regjeringa har no foreslått å heve den til 16 år, men etter mi meining kjem diskusjonen altfor seint.
Det er vanskeleg å oversjå kva rolle sosiale media spelar i utviklinga blant barn og unge. Rommet for å skilje seg ut har blitt snevra inn, ekstreme meiningar blir meir og meir vanleg, og konsentrasjonen vår stupar.
På Instagram, TikTok og Snapchat møter barn og unge ein kontinuerleg straum av reklame, produktanbefalingar, sponsa innhald og underhaldning. Bøker og leik har blitt bytta ut med skrolling. Dette vil truleg ha, og har allereie fått konsekvensar for dagens unge, blant anna dagens studentar.
Eg fryktar at dei som kjem etter meg, vil ha eit endå dårlegare utgangspunkt enn eg har hatt. Kva blir framtida for den neste generasjonen med studentar? Førelesningar akkompagnert med Subway Surfers-videoar for å halde studentane si merksemd?
Samtidig som vi alle er avhengig av dopaminen telefonen gir oss, fører svekka konsentrasjon og leseevne også til ein større eksponering for polariserande retorikk.
Den politiske debatten har i stor grad flytta seg til sosiale media, der merksemda målast i likerklikk, delingar og visningar. Algoritmane løner innhald som vekker kjensler, noko som gjer at dei mest kjenslelada og provoserande innlegga ofte får mest synlegheit.
Nyanserte og rasjonelle diskusjonar er vanskeleg å finne i både kommentarfeltet på TikTok og Facebook. Og ofte er det dei som skrik høgast, og med dei mest ytterleggåande eller radikale meiningane som dominerer debatten. Ein 13-åring som bruker sosiale media, blir derfor eksponert for den same polariserande retorikken.
Dersom føre-var-prinsippet skal ha noko funksjon, bør det først og fremst brukast på teknologien som formar oppveksten til dagens barn og unge. Altfor lenge har utviklinga fått fortsetje i feil retning.
Opplæring i sunn mobilbruk, konsekvensane av det, og ei forståing av korleis det påverkar hjerna vår, er nødvendig. Og kanskje eit grunnemne som lærer studentane å lese akademiske artiklar?
Det er sjølvsagt bra at regjeringa ønskjer å setje opp aldersgrensa på sosiale media for barn og unge, men det er på tide at samfunnet tek ansvar for kva slags type generasjon vi ønskjer skal ta over universiteta, arbeidslivet og demokratiet vårt.
Kor er dei vaksne som set ned foten og seier «Nei, slik kan vi ikkje ha det»?
Har du noe på hjertet?
Ønsker du å ytre din mening? Vi i Studvest vil gjerne høre fra deg!
Send ditt innlegg på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
Tips for innlegget ditt:
Lengde: helst 1800–2500 tegn (inkludert mellomrom), men lengre bidrag kan vurderes.
Husk å gi innlegget både tittel og ingress.
Legg ved et portrettbilde av deg selv vi kan bruke, og oppgi fotografens navn dersom bildet skal krediteres.
Oppgi også hvilken tittel du ønsker å stå med.
Vi forbeholder oss retten til å redigere innlegget ved eventuell publisering.
Gi beskjed dersom innlegget allerede er sendt til andre medier.