Gje oss blokkfaga tilbake

Har du nokon gong kjent på kjensla av å plutseleg teke ein grad i akademisk sjonglering? Som student har du mykje å gjere, men det finst ei løysing.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en kommentar. Teksten gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Boligblokk, notatblokk, politisk blokk – kjært barn har mange namn, men kvar vart det av blokkfaga? 

Blokkmodellen inneber at semesteret er lagt opp slik at ein jobbar med eitt og eitt emne om gongen. Sjølv opplever eg det gir meg moglegheit til å verkeleg dykke ned i fagstoffet. Eg blir meir fokusert, engasjert og det aukar interessa for læring.

Me studentar blir til slutt vurdert i éin eksamen per emne. Kvifor skal me da jobbe med tre i hovudet samstundes?

Blokkfag ordninga nyt allereie studentane på sosialantropologi ved UiB. Det same gjer studentar ved Universitetet i Agder, som har hatt godt av blokkfag. Dette viser at alternativ er mogleg, men at det krev vilje frå institusjonane.

Regjeringa har som mål at fleire studentar skal kome seg gjennom studieløpet. Ved å leggje opp undervisninga i blokkfag kan studentar fokusere fullt og heilt på jobben deira: Nemleg å lære.

Ja, studieløpet vil da bli meir intensivt. Men til gjengjeld får studentane ein meir fokusert og samanhengande prosess. I staden for daglege skifte mellom fag, kan ein jobbe målretta mot eksamen. Eg meiner det er ei betre løysing enn slik me har det i dag.

SHoT-undersøkinga frå 2022 viser at nesten halvparten av studentane slit med eksamensangst. Eg erfarer at fleire studentar tidvis er overvelda av studia sine. Kanskje har du kjent på kjensla av at du plutseleg tek ein mastergrad i akademisk sjonglering?

Det kan verke skummelt å ha eksamen allereie i februar, tida du mest av alt ser fram mot vinterferien. Eg lovar ingen gull og grøne skogar – arbeidet må framleis gjerast. Samstundes er det grunn til å tru at eksamensangsten blir forsterka av ein studiekvardag der ein handterer fleire fag på ein gong.

Så kvifor ikkje innføre fleire blokkfag? Det handlar ikkje om å gjere studia enklare. Det handlar om å gjere dei moglege å gjennomføre.

Har du noe på hjertet?

Ønsker du å ytre din mening? Vi i Studvest vil gjerne høre fra deg!

Send ditt innlegg på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.

Tips for innlegget ditt:

Lengde: helst 1800–2500 tegn (inkludert mellomrom), men lengre bidrag kan vurderes.

Husk å gi innlegget både tittel og ingress.

Legg ved et portrettbilde av deg selv vi kan bruke, og oppgi fotografens navn dersom bildet skal krediteres.

Oppgi også hvilken tittel du ønsker å stå med.

Vi forbeholder oss retten til å redigere innlegget ved eventuell publisering.

Gi beskjed dersom innlegget allerede er sendt til andre medier.

Powered by Labrador CMS