Å vere 190 centimeter høg er ikkje eit personlegheitstrekk

Eg høyer ofte kvinner seie at det ikkje lenger finnast gode menn der ute. At alle menn er håplause, og at dei få brukbare er kapra for lengst. Sjølv lurer eg på kor grundig vi eigentleg har leita.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en kommentar. Teksten gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Eg mistenkjer nemleg at vi har latt mannen si høgde bli det viktigaste kriteriet i jakta på kjærleiken. Grensa går som regel ved om lag 180 centimeter, og på datingappar kan ein no til og med leggje det inn som eit filter. Då kan du sile ut ein heil haug med menn i eit klikk før dei har rokke å opne munnen. 

Reknestykket går dessutan dårleg opp. Norske menn er i snitt 180 centimeter høge, og det betyr at omtrent halvparten er under 180. Skal alle kvinner ha ein mann over 180 eller meir, er det rett og slett ikkje nok menn til alle. 

Det slår meg også at høgdekravet gjer datinglivet nokså behagleg for enkelte menn. Gutta over 180 centimeter har ein gullbilett; dei er rett og slett heldige. Dette gir også ein viss romsligheit. Vi gir dei ein sjanse nesten uansett,  og etter mi erfaring også ein ny sjanse dersom dei rota det til. Ein mann kan svare «haha ja» på alt, ha null framtidsplanar og eit høgst tvilsamt forhald til såpe og vatn.

Men så lenge han er høg, er det utruleg kva vi lar gå med «Men han er jo 190, då!»

Det er påfallande kor mykje personlegdom vi er villige til å tilskrive ein mann før han har vist oss noko som helst om kven han er. 

Og la meg vere tydeleg på kva eg ikkje seier: At høge menn generelt er uduglege. Ein kan finne ubruklege menn i alle høgder. Poenget mitt er at vi gir høgare menn større rom for å vere middelmåtige. Eg har inntrykk av at det skal mindre til før ein høg mann blir rekna som ein god fangst. 

Mange kvinner vil helst ha ein mann som er høgare enn dei, også når dei tek på seg høge hælar. Dette har eg aldri heilt forstått meg på. Skal du verkeleg risikere å velje bort ditt livs kjærleik fordi du blir høgare enn han i hæler du uansett sparkar av deg på veg heim frå byen?

Det klingar dessutan dårleg i mine feministiske øyrer at kvinna på død og liv må vere mindre enn mannen ved sida av seg. Ein stad på vegen til kvinnefrigjeringa har vi gløymd å leggje frå oss ideen om at mannen absolutt må rage over kvinna. Vi sit alle på TikTok og hyllar Tom Holland og Zendaya for å vere verdas kulaste par, men i vårt eige datingliv tør vi knapt å sjekke ut ein fyr som er eit par centimeter kortare enn oss sjølv. 

Eg slår derfor eit slag for dei lavare gutane. Mi erfaring er at det gjerne ligg meir under overflata hos dei. Kanskje har nokon av dei måtte utvikle andre kvalitetar fordi høgda ikkje automatisk gir dei eit forsprang i datingmarknaden. Hobbyar, meiningar, interesser, substans og evna til å føre ein sikkeleg samtale. Kanskje til og med litt personlegdom. 

Eg skulle ønskje fleire kvinner turte å date lågare menn. Det kan kanskje verke skummelt å sleppe taket i det du alltid har sett for deg, men det kan også hende at din livs kjærleik er litt lågare enn du trudde. Han som tek oppvasken utan å sukke, og som ser på deg at du har hatt ein dårleg dag før du i det heile tatt har sagt eit ord. 

Til gjengjeld kan vi gjerne ha endå høgare krav til menn si personlegdom. Eg opplev at vi handhever høgdekravet strengare enn noko anna krav vi stiller til menn. Eg skulle ønskje vi var like nådelause i spørsmålet om han held det han lover, eller stiller opp når det tengs. Det er som at høgda er eit minstekrav og folkeskikk er ein bonus. 

Så still krav. Still dei høgaste krava til det som ikkje har noko med høgda å gjere. Ikkje bruk for mykje tid på å leite etter ein som er høg nok, slik at du overser ein som er god nok. 

Min teori er nemleg at det finnast ein heil haug med gode menn der ute, og at dei har stått der heile tida. Du må berre våge å sleppe dei inn gjennom filteret ditt.

Har du noe på hjertet?

Ønsker du å ytre din mening? Vi i Studvest vil gjerne høre fra deg!

Send ditt innlegg på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.

Tips for innlegget ditt:

Lengde: helst 1800–2500 tegn (inkludert mellomrom), men lengre bidrag kan vurderes.

Husk å gi innlegget både tittel og ingress.

Legg ved et portrettbilde av deg selv vi kan bruke, og oppgi fotografens navn dersom bildet skal krediteres.

Oppgi også hvilken tittel du ønsker å stå med.

Vi forbeholder oss retten til å redigere innlegget ved eventuell publisering.

Gi beskjed dersom innlegget allerede er sendt til andre medier.

Powered by Labrador CMS